Vatne Gard

G.NR. 110 br.nr 4/5

vatne_gard_02I enden av Vatsvatnet låg det ein stor og staselig gard frå gammalt av. Den vart delt opp i fleire mindre, blant anna kyrkjetomta. Garden vår er ein desse gardane og me er no fjerde generasjon som driv garden.

Etter å ha budd på Sola i mange år, var det på tide å vende nasen heim for oss, og overta garden etter mine foreldre i 2010. Dei hadde lagt om frå melkebruk til ammekyr nokre år før, og hadde leigd vekk melkekvoten. Dette var ei driftsform som passa oss og som me har fortsatt med. Melkekvoten vart seld i 2012.

Driftsbygninga er båsfjøs bygd på 70-tallet, med ein gammal del bygd på 30-tallet. Sauehuset blei bygd ca 2000.

 

Produksjonar:

Bringebær

vatne_gard_03

Kort tid etter overtakinga begynte planlegginga av å lage bringebæråker. Med tanke på å selja bær til sjølplukk og til salgs på garden.

Me fekk god hjelp frå Landbruksrådgivninga og i 2011 plukka me og selde dei første bæra .

vatne_gard_04Sjølplukk i bringebæråkeren fungerer veldig bra. Sesongen byrjar midt i juli og held på til slutten av august. Dei som forbinder bringebærplukking med oppskrapte armar og legger kan slappa av. Buskane står i rader, er utan torner og med passeleg hentehøgde. Her er god tumleplass for barn til å være med på plukkinga, og ein kan fylle både mage og korger med gode sunne bær.

Me har valgt å ikkje bruka innleigd hjelp til plukkinga, og hentar sjølv det som ikkje blir henta på sjølvplukk. Dei bæra som ikkje blir selde samme dag frys me ned, og dei blir selde gjennom heile året til dei som ynskjer det.

Ammeku

vatne_gard_05Hovedproduksjonen på garden er ammekyr. Me har totalt 41 storfe, og av dei 21 kyr som kalvar i mars-mai, og resten ungdyr. Rasen er blanding av Simmental, og Limousin.

Tvillingar

vatne_gard_06

Kalven er med mora frå fyrste stund. Dei får vera i ein eigen binge første døgnet så dei blir godt kjende, før kua blir sett fast igjen på båsen. Kalven kan då gå laus saman med dei andre kalvane på heile langsida i fjoset, og gå tilbake til mora når den vil ha mat eller trøst.

 

vatne_gard_07

 

Me legg stor vekt på sikkerhet, og bruker tid med dyra så dei blir van med handtering av folk. Det begynner me med når kalvane er små, og det får me igjen som roligare vaksne dyr.

 

vatne_gard_08Heile sommaren får ku og kalv nyte friheita og leva i sus og dus. Til dei må attende i fjoset i slutten av september, då dei blir skilde.

Ute på beitet saman med kyrne har me ein limousinstut som sørger for neste års avkom. Kjøper stut gjennom Nortura og bruker den to sesongar.

 

 

Sau

Vatne_31Vatne_30

Me har og sauer på garden, ca 35 vf av to rasar, svartfjes og gammalnorsk spælsau. Det var svartfjes som var den opprinnelige rasen, men fekk tilbud om å kjøpe 8 brune spælsauer og derfor har me beholdt begge rasane.

Vatne_32 Vatne_33

Begge rasane har sine fordeler og ulemper, men begge er robuste og sterke og passar godt til drifta vår. Dei går ute heile året, og har mogelegheit til å gå inn i sauhuset hvis dei vil, men gjer det sjeldan utanom foring som skjer inne.

Nyfødde svartfjeslam
Nyfødde svartfjeslam

Sauene får lamma ute, og blir sett i bingar i sauehuset det første døgnet for at dei skal ha oversikt på kven som er deira lam, og det er lettare å fanga opp hvis det er nokon lam som ikkje får det dei skal.

Sauene går heime på utmarksbeite heile sommaren.

Vatne_35

 

Fakta om garden

Fulldyrka areal 99 da

Innmarksbeite 47 da

Ein del skog

 

Leieareal :

Fulldyrka 41 da

Innmarksbeite 46 da

 

Driv salg av:

Frosne bringebær

Ved

Tømmer

Saueskinn av spælsau på bestilling

 

Me som driv garden er :

Wenche Torstveit (heiltidsbonde)

Morten Helleberg (jobb utanom)

Trine Helleberg (dotter på 17)

 

I tillegg uvurdeleg hjelp frå mine foreldre:

Hjørdis og Johannes Torstveit.

Den flinke helge-og ferieavløysaren vår May Bente Stokkedal må heller ikkje gløymast.

Dette var litt om oss og livet på Vatne Gard☺

One Response to Vatne Gard

  1. Forstår at dere tilbyr selvplukk av bringebær.
    Hva er prisen?
    når er det åpent for selvplukk?

    Mvh Øystein Egeland-Eriksen

Leave a reply