Steinsland Gard

G.NR. 256 br.nr 1,3,4,5,6,7,8 osb.

Historie:

Det har vore gardsdrift på Steinsland på Bjoa heilt sidan vikingtida. Altså ca. år 1000. Men det er mogleg garden låg aude ei tid etter svartedauden, sidan han fyrst vert nemd i gamle rekneskap i 1567. Garden ligg ca. 180 moh. Midt i garden ligg Steinslands-såto. Steinsland Gard 04Her skal det i gamal tid ha vore ei bygdeborg som det var lett å forsvara seg frå. Når ein står oppå denne nuten, kan ein sjå inn i 7 kyrkjesogn blir det sagt. Fram til 1842 var Steinsland ein gard, men dette året vart han delt opp mellom 3 søner. Seinare vart den endå meir oppdelt. På det meste var det 6 gardar og 3 husmannsplassar på Steinsland. I dag er Steinsland igjen eit gardsbruk, og blir driven av 5. og 6. generasjon Steinsland.

  • Torstein Ingebrigtson frå Byrkjeland f. 1780 + 1831 Overtok heile Steinsland etter forsterforeldra sine.
  • Nils Torsteinsonn Steinsland f. 1814 +1889 overtok br.nr 4 på Steinsland og sette opp både bolighus og uthus.
  • Torstein Olai Nilsson Steinsland f. 1870 +1955 overtok bruk nr 4. Måtte skilje i frå noko av garden til bruk nr. 6 ved ei skylddeling.
  • Bernt Severin Torsteinsson Steinsland f. 1897 +1989 overtok bruk nr. 4 han kjøpte også br.nr. 5. og 8.
  • Trygve Berntson Steinsland f. 1939 overtok garden etter far sin og kjøpte br.nr. 6 og 7.
  • Inga Trygvesdtr. Steinsland f. 1979 overtok garden i 2006 og fekk kjøpt br.nr. 3. og 1.

Steinsland Gard 02

 

Drifta etter 2006

Garden blir i dag driven av Inga Steinsland med god hjelp av faren Trygve Steinsland. Mora, Karen Rebekka Vasstrand, stiller også opp når det trengs i lamming, siloslått, sauesamling og andre dagar.

Då eg overtok garden i 2006 stod det ein 2-etasjars driftsbygning frå 1980 på garden. Der det var innreia til storfe og gris nede og til sau oppe. I løpet av det 1. året avvikla me storfehaldet, griser var det ikkje på garden. Eg ville satse fullt på sau. Så fekk eg mykje god hjelp av far min og x-sambuaren min til å riva ut innredning nede og skjera vekk betongdekke slik at me fekk laga sauehus nede også. Nå har me plass til 400 sauer. I 2009 fekk me renovert sauhuset i den øverste etasjen også. Fekk lagt inn gjødseltrekk og spikra ny innredning. Dette har forenkla det kapittelet når møkka skal ut ein heil del! I 2011 vart me ferdige med nytt redskapshus på vel 300 m2. Utanom å leiga støypinga er alt eigeninnsats av far min og Sven Kleppa. Dei har grove ut tomt, matriala er frå eigen skog og skorne hos Ole Vasstrand på Bjoa. Sven og Trygve har gjort bygginga. I tillegg har Sven laga nokre hundre meter med veg i beita så det er lettare å koma til når desse skal gjødslast og stellast.

  • Garden har 166 daa. dyrka mark og leiger 66 daa. utanom.
  • Det er 562 daa godkjent beite på garden
  • 575 daa. skog og 144 daa. anna areal.
  • Totalt 1447 daa.
  • I dag har me ca 300 lamsau på garden. (Pelssau og Norsk kvit)
  • Me produserer ca. 10 tonn sauekjøtt og 2 tonn ull i året.
  • I eit normal år produserer me ca. 450 m3 silo
  • I tillegg kjem mykje beitegras.

Graset blir forhausta og lagt i tårnsiloar. Me har 2 traktorar og avlessarvogner og bruker då ca 3 veker av sommaren på å få begge slåttane i hus.

Sauene reiser som regel til fjells i mnd. skiftet juni/juli. Då reiser 500 dyr til Hardangervidda og beiter rundt Hardangerjøkulen. Resten av dyra går heime og tek seg av beita her. Sauesankinga i fjellet startar 1. helga i september. Då er det godt å ha spreke slektningar og venner som stiller opp. I år sto eg og mitt mannskap for 63 samledagar i fjellet. Gjetarhundar er også uunnverlige.

 

Me som jobbar her:

Inga steinsland var ferdig utdanna Agronom ved Stend jordbruksskule i Fana 1999. Overtok familiegarden Steinsland 2006, og jobbar som heiltids sauebonde. Har to kjekke jenter på 4 og 6 år. Er også leiar i Bjoa Bondelag, skrivar i Ølen Sau og Geit, styremedlem i Vindafjordbonden og foreldrerepresentant i Bjoa Barnehage.

Trygve Steinsland, kårkall som jobbar på garden 2000 timar i året. Ein landbruksmaskin frå 1939. Ikkje redd for lange dagar og tungt arbeid og fantastisk billig i drift! Måtte du vare lenge!

Karen Rebekka Vasstrand, mor mi kjem og hjelper til med fjos og ungar i arbeidstoppar som lamming, slått og sauesamling.

Bjarne Steinsland, onkelen min som alltid stiller opp når han blir spurt. Han og pappa har spart meg for mange turar til fjells og leita etter sau.

Og så har eg ei søster og søskenbarn og venner som stiller opp når sauer skal drivast inn i fjellet eller finnast igjen om hausten. Og ikkje minst Arve Gramstad, typen min som hjelper til med det som trengs når han er på garden.

Helsing Inga, dyra & støtteapparatet

Leave a reply