Historia om Vindafjordbonden

lunde_gard 030Ein må sjølvsagt langt tilbake i tid til den første Vindafjordbonden. Men idèen til denne organisasjonen starta hausten 2011. Mange meinte då at bonden og landbruket i Vindafjord var litt gløymt. Mange andre næringar vart framheva som dei viktigaste. Føler ein seg ikkje viktige kan det gå ut over statusen, motivasjonen, rekrutteringa, investeringslysta og drifta på den enkelte gard.

Samstyret i alle bondelaga i Vindafjord fekk presentert tankar og gjekk vidare med idèen. Ein fekk økonomisk drahjelp av Rogaland Fylkeskommune, Haugesund Sparebank, SR-Bank og Tveit Regnskap til å gjennomføra «Det positive bondeopprøret» tre stader  i kommunen mars 2012. Fulle hus og stort engasjement gav gode innspel om kor ein stod i dag og kva som kunne gjerast for å løfta bøndene og landbruket i Vindafjord til nye høgder. Spesielt dette med å visa seg fram – få eit felles og attraktivt ansikt utad – framstod som viktig. Men også dette med å få betre økonomi på den enkelte gard.

Vindafjordbonden AS vart stifta sommaren 2013, og arbeidet med å laga ein slagkraftig og attraktiv organisasjon starta. Ikkje minst dette med kva Vindafjordbonden AS skulle leva av og tilby sine kundar (bønder i Vindafjord) var viktig. Arbeidet blir utført med økonomisk avgjerande støtte frå Fylkesmannen i Rogaland, Vindafjord Kommune, Innovasjon Norge, SR-bank, Tine, Nortura, Fatland, Tveit Regnskap, Haugesund Sparebank – og ikkje minst arbeidet til styremedlemmer, deltakerar på ulike møter og bønder som har engasjert seg i arbeidet. Også engasjerte leverandørar, politikerar og andre eg viktige for at me skal lukkast.

Ei stor drivkraft for alle er at ein representerer noko ein verkeleg er stolt av å representera. Det er det me ynskjer å få til endå betre gjennom dette arbeidet.

November 2013 gjennomførte styret i Vindafjord i samarbeid med bondelaga tre nye «bondemøter», der formålet var å visa fram ein «pakke» bøndene kunne få ved å teikna serviceavtale med Vindafjordbonden AS. Korleis det gjekk får ein koma tilbake til…

Lik oss på Facebook