Lundegård

Lundegård
G.nr 122, b.nr 2, 3, 4, 5 og 7.

Litt historie og fakta:
Overtok gardsbruket i 2000. Produksjonen var då kvigeoppdrett og kjøtproduksjon på oksar. Ca 35 dyr på båsen.

Oppgraderte gamal fjos med diverse teknisk utstyr i 2002, og bygde mindre sauhus i tilknytting til dette. Starta då oppatt med sau, ca 25 vfs i starten.

lunde_gard 022

Slutta med kvigeoppdrett i 2003, og gjekk over til ammekyr og fôringsoksar. Starta med 6-8 ammekyr av Hereford, men har etter kvart gått over til Limousine og Charolais – har i dag 10-12 mordyr og kjøper inn 25 fôringsoksar i tillegg (nrf og kjøttfè).

Bygde nytt kombinert reiskaps- og sauehus i 2010. Med plass til 80 vfs og lagerrom til ved/maskinar. Har i dag 50-60 vfs av rasen norsk kvit.

Totalareal på eigedomen er 1167 dekar, pluss andel i fellesmark. Fulldyrka areal utgjer 83 dekar, beite på 140 dekar. I tillegg blir det leigd 48 dekar fulldyrka jord. All jord blir nytta til grasproduksjon og beite.

Utmarkressursar blir nytta til vedproduksjon og jakt – disponerer 4-5 hjorteløyve årleg. Sal av hjortekjøt.

Dei som driv bruket:
Andreas Lundegård
Utdanna agronom i 1997/1998 på Vinterlandbruksskulen i Ryfylke. Har hovudansvar for gardsdrifta. Jobbar i tillegg 100 % stilling som økonomirådgjevar landbruk hjå Tveit Regnskap AS.

Eva Lise Stokland
Deltek aktivt i gardsdrifa, i tillegg til 80 % stilling i Posten Norge AS.

lunde_gard 017

Filosofi og tankar om framtida:
Bruket skal vera eit berekraftig kombinasjonsbruk. På sikt ynskjer ein å utvikle ammeku produksjonen ytterlegare.

Lag og organisasjonsarbeid:

  • Styreformann i Vindafjordbonden AS
  • Styremedlem i Vinterlandbruksskulen i Ryfylke
  • Diverse styreverv i lokale bondelag
  • Diverse lagsarbeid
  • Medlem i ForumKU og Vindafjordbonden

Velkommen til oss i Lundegård-gruppen:)

[tabs class=»vbTAB»] [/tabs]

Sorry, comments are closed for this post.