Monthly Archives: november 2013

Lundegård

Lundegård

Lundegård

Lundegård
G.nr 122, b.nr 2, 3, 4, 5 og 7.

Litt historie og fakta:
Overtok gardsbruket i 2000. Produksjonen var då kvigeoppdrett og kjøtproduksjon på oksar. Ca 35 dyr på båsen.

Oppgraderte gamal fjos med diverse teknisk utstyr i 2002, og bygde mindre sauhus i tilknytting til dette. Starta då oppatt med sau, ca 25 vfs i starten.

lunde_gard 022

Slutta med kvigeoppdrett i 2003, og gjekk over til ammekyr og fôringsoksar. Starta med 6-8 ammekyr av Hereford, men har etter kvart gått over til Limousine og Charolais – har i dag 10-12 mordyr og kjøper inn 25 fôringsoksar i tillegg (nrf og kjøttfè).

Bygde nytt kombinert reiskaps- og sauehus i 2010. Med plass til 80 vfs og lagerrom til ved/maskinar. Har i dag 50-60 vfs av rasen norsk kvit.

Totalareal på eigedomen er 1167 dekar, pluss andel i fellesmark. Fulldyrka areal utgjer 83 dekar, beite på 140 dekar. I tillegg blir det leigd 48 dekar fulldyrka jord. All jord blir nytta til grasproduksjon og beite.

Utmarkressursar blir nytta til vedproduksjon og jakt – disponerer 4-5 hjorteløyve årleg. Sal av hjortekjøt.

Dei som driv bruket:
Andreas Lundegård
Utdanna agronom i 1997/1998 på Vinterlandbruksskulen i Ryfylke. Har hovudansvar for gardsdrifta. Jobbar i tillegg 100 % stilling som økonomirådgjevar landbruk hjå Tveit Regnskap AS.

Eva Lise Stokland
Deltek aktivt i gardsdrifa, i tillegg til 80 % stilling i Posten Norge AS.

lunde_gard 017

Filosofi og tankar om framtida:
Bruket skal vera eit berekraftig kombinasjonsbruk. På sikt ynskjer ein å utvikle ammeku produksjonen ytterlegare.

Lag og organisasjonsarbeid:

  • Styreformann i Vindafjordbonden AS
  • Styremedlem i Vinterlandbruksskulen i Ryfylke
  • Diverse styreverv i lokale bondelag
  • Diverse lagsarbeid
  • Medlem i ForumKU og Vindafjordbonden

Velkommen til oss i Lundegård-gruppen:)

[tabs class=»vbTAB»] [/tabs]
Ny profil

Ny profil

Skal ein få gjennomslag handlar det ofte om å visa seg fram. Og det på aller beste måte. Greier ein også snakka slik at ein når inn i sjela til dei ein ynskjer å kommunisera til, kan ein få den reaksjonen ein ynskjer. Vindafjordbonden har fått nytt ansikt, gjennom ein logo. Det er den me… Continue Reading

Våre støttespelerar og venner

Våre støttespelerar og venner

Utan økonomiske bidrag frå ulike bedrifter og støttespelerar hadde me ikkje fått dette til. Me vil retta ei stor takk til Vindafjord Kommune, Fylkesmannen i Rogaland, Innovasjon Norge, Sr-bank, Tveit Regnskap, Tine, Nortura, Fatland og Haugesund Sparebank. I tillegg til enkeltpersonar og andre som har gjort meir enn å preika om at noko skulle vore… Continue Reading

Gardar

Gardar

Under fana «Gardar», kan alle gardane som er med i Vindafjordbonden få presentert seg sjølv. Alt frå historia til kva dei sel og kan tilby på garden. Du kan sjå nokre eksempler allereie nå, og me vil legga ut meir så snart dei ulike gardane sender inn opplysningar om seg sjølv. Her er mykje å… Continue Reading

Lik oss på Facebook