Velkommen til Vindafjordbonden
Folk veit at ein bil ikkje er ein bil – Dyr veit at ein bonde ikkje er ein bonde.
Verdien til arbeidet ein bonde og landbruket utfører, kjem ikkje fullt ut til syne før det ein dag brått er borte.
Me som er ein del av Vindafjordbonden skal gjera vårt aller beste for at du får den maten du treng og fortener – og halda naturen
i den stand alle tek for gitt. For å greia alt dette treng me bønder som er motiverte,
ynskjer å investera (trur på framtida), bryr seg utover det ordinære, har kunnskap om det ein held på med
og leverer det du skal byggja livet ditt på.